SwingCats

 
  • Increase font size
  • Default font size
  • Decrease font size

Reisebrev fra Herräng 2011

Du har sikkert sett dei der ”boblene” som folk tek fram til jul, med vinterlandskap under ein glaskuppel og viss du snur dei opp ned så dryssar det snø ned over landskapet . Eg kjenner det som om eg har vore i ei slik boble i sommar, berre at vinterlandskapet er bytta ut med ein liten stad ute på landsbygda i Sverige, det er sommar og lufta er full av glad jazzmusikk.  Eg har vore i Herräng! 

Ingeborg, Kjersti og eg bestemte oss tidleg for at i år ville me ha to veker i Herräng, så 9. juli var me på plass (Veke 2 rekna etter Herrängtid). Husa i Villavegen, der Stavangergjengen har vore i  3 – 4 år no var ledige, og dansarar frå Oslo og Sverige blei inviterte til å dela dei med oss. Det var veldig triveleg selskap! I huset mellom dei to våre var det og dansarar, så eine kvelden samla me oss alle til grillfest.

 

Søndag føremiddag var det i gong med kurs. Kjersti tok stepping, Ingeborg og eg balboa. Bortsett frå eit helgekurs i Bikubå var dette nytt for meg, men det var veldig kjekt! Instruktørane var kjempeflinke og me var ei lita gruppe. Det gjorde at me blei trygge på kvarandre ganske fort. Og kvar kveld var det sjølvsagt dansing på Folkets Hus. Nok søvn blei det ikkje, men du verda så kjekt det var!

alt alt

Kurstelt og forberedelse til temafest

 

I veke 3 kom det 10 stavanger-dansarar til. Då fekk me ikkje ha dei same husa lenger, men skulle leiga to andre via dansecampen. Men det oppstod eit lite problem: det eine huset forsvann! Eigaren kom aldri med nøkkelen og dei i resepsjonen fekk aldri tak i mannen på telefon. Heldigvis hadde dei eit anna hus me kunne få. Det var noko mindre, men med eit par ekstra madrassar frå campen fekk me til saman plass i dei to husa. Kalle Johanson, ein av campen sine kreative sjeler, fekk lyst å laga eit poeng ut av at eit hus var forsvunne og at mange nordmenn måtte stuast inn i eit lite krypinn. I hagen til det vesle huset var det ei bitte lita vindmølle. Der pressa me inn alle og gjekk ut igjen ein og ein medan dei  filma. Så me blei filmstjerner for ein halvtime og den korte komedien blei vist på eit av kveldsmøta. Artig!

alt alt

Ventende filmstjerner og filmtakning

 

Ein del av stavangerfolka som kom denne veka var ”ferskingar” i Herräng, og då er det spennande om dei trivest. Og det såg det ut som dei gjorde. Det var berre glade smil å sjå kvar gong eg møtte dei. Dei som sleit mest var oss tre som hadde vore der ei veke. Kreftene begynte å ta slutt, så onsdag kveld måtte eg ta ”fri”. Og det var lurt, for då hadde eg energi  igjen på torsdag. 

alt alt alt alt

Fellesmiddag

 

Opplegget for campen var som før: dansekurs på dagen, kveldsmøte med litt underhaldning, småkurs i telta om kvelden og sosialdans så lenge ein orka utover natta og morgonen. Tysdag kveld var Blues Night, torsdag var det kabaret og fredag temakveld: Alice in Wonderland.

Nå er eg heime igjen, ute av ”bobla”. Det heile kjennest nesten uverkeleg.  Det var fantastisk!

 

Bergliot

 

alt alt alt

alt alt alt alt