Det er ikkje lett å skriva reisebrev dagen etter retur frå Herräng. Det er så mange inntrykk som svirrar rundt i hovudet, så mange minne som dukkar opp ganske ustrukturert. Men eg skal prøva.
Me var 6 personar frå Swing Cats som hadde det ekstra travelt med å koma til Herräng igjen. Me kom fredag ettermiddag, og fekk installert oss i huset der stavangerfolk har vore 3 år på rad nå. Eit sjarmerande lite feriehus teke rett ut av eventyret. I kjøleskapet låg det ei sjampanjeflaske med ein lapp på: ”Varsågoda. Välkomna til Herräng”. Så kjekt at dei synest det er greitt å leiga ut til oss! Etter ein tur på den lokale butikken ”Kuggen” blei det middag på terrassen og så gjorde me oss klare til å gå og dansa. Det var så godt å koma bortover til Folkets Hus, kjenna på stemninga og høyra musikken! Tenk at nå var me her igjen! Laurdag skjer det ikkje så veldig mykje. Det er dagen då nokre reiser og andre kjem, så det er ingen kurs. Sidan det var superflott ver, var me mykje av dagen på stranda der me fekk bada og sola oss, og me gjekk ikkje og registrerte oss før klokka var ca 17.30. Då var det ikkje kø. Nå var resten av gjengen frå Stavanger komen (Mathias og Kjersti er og inkludert i den nå!) så me fordelte oss på 2 hus. Nå var me 13 dansarar + nokre ekstra familiemedlemmer.
Søndag var kursa i gong, med flinke instruktørar og kjekke kursdeltakarar frå mange land. Særleg Hanna Zetterman imponerte dette året, der ho dansa med stor mage, 7 månader på veg! Temperaturen låg på 25 – 30 grader heile veka, så folk sveitta godt og det gjekk med mykje vatn. Tilia starta veka med ei halvliters drikkeflaske, men gjekk etter kvart over til halvannanliters!
Dette året hadde stavangergjengen det ekstra sosialt, med felles middag kvar kveld. Dei som kjenner til den lokale butikken Kuggen veit at der er ikkje utvalet det heilt store, så ein dag reiste ein gjeng til Hallstavik for å handla, men elles blei det utvist imponerande kreativitet med dei varene som fanst på Kuggen! Det blei god middag kvar gong! Og så var det var veldig triveleg både å laga maten saman og å sitja å prata om korleis dagen hadde vore. Einaste ulempen var at det kunne bli litt travelt for dei som ville nå informasjonsmøtene kl. 21.
Tysdag kveld var det som vanleg Blues Night, og torsdag var det kabaret med mange gode og artige innslag. Onsdag på dagen skulle det setjast ny verdsrekord i swingdans. Den eksisterande rekorden var på noko over 200 menneske som dansa samtidig, men på idrettsplassen i Herräng greidde dei å samla 306 menneske. Det burde kanskje vore mange fleire, men eg trur veret og temperaturen gjorde at mange heller var på stranda den dagen. Det var i alle fall der eg var.

Fredag var det temadans med tittelen Bollywood Masala. Eg blir stadig imponert over kreativiteten til arrangørane i Herräng. Dei lagar så fantastiske rammer rundt temakveldane. Då me kom ned til Folkets Hus, var det først show ute med felles orientalsk dans for alle. Etterpå var det oppvisning på Dansbanan med dei som hadde gått på kurs i orientalsk dans. Dei var blitt veldig flinke! Etter showet måtte me ha ein tur rundt i dei ulike romma for å sjå kva dei hadde laga til: I gangen mellom Dansbanan og Folkets Hus sat det ei dame med ein skikkeleg slange, i foajeen var det indisk marknad, i gangen mot biblioteket var det krydder-lukte-konkurranse, i biblioteket var det yoga og i Blue Moon var alle bord og stolar tekne vekk og folk sat på puter på golvet. Det gjekk an å få massasje og det lukta krydder og røykelse. Når så mange i tillegg hadde kledd seg i orientalsk stil, blei det flott!
Men Herräng er ikkje berre dansekurs og dansekveldar. Det er så mykje meir! Det er å stå i kø for bananbrød og latte i Ice-cream Parlour og plutseleg prata med eit menneske frå New Zealand. Det er å høyra på dei som jammar utanfor telta sine. Det er å sjå folk som dansar alle stader: utanfor Kuggen, på vegen, på stranda, på plenen. Det er å ha lunsj på Bar Bedlam (godt og rimeleg) og brownie med is og sjokoladesaus på Blue Moon klokka 2 om natta. Det er å ha eit felleskap med andre menneske på tvers av alder, rase og nasjonalitet.
Kjem me tilbake neste år?
Trur det, ja!
Bergliot


