Det er ikkje lett å skriva reisebrev dagen etter retur frå Herräng. Det er så mange inntrykk som svirrar rundt i hovudet, så mange minne som dukkar opp ganske ustrukturert. Men eg skal prøva.
Me var 6 personar frå Swing Cats som hadde det ekstra travelt med å koma til Herräng igjen. Me kom fredag ettermiddag, og fekk installert oss i huset der stavangerfolk har vore 3 år på rad nå. Eit sjarmerande lite feriehus teke rett ut av eventyret. I kjøleskapet låg det ei sjampanjeflaske med ein lapp på: ”Varsågoda. Välkomna til Herräng”. Så kjekt at dei synest det er greitt å leiga ut til oss! Etter ein tur på den lokale butikken ”Kuggen” blei det middag på terrassen og så gjorde me oss klare til å gå og dansa. Det var så godt å koma bortover til Folkets Hus, kjenna på stemninga og høyra musikken! Tenk at nå var me her igjen!



